Rogaland fylkeskommunes nettportal 06.09.2010
Presseklipp


- Den nye samarbeidsavtalen har gjeve ein ny giv for det politiske arbeidet i Vestlandsrådet. Samferdsel er eit av dei områda der dette framkjem tydelegast, men så er då også gode kommunikasjonar ein føresetnad for at dei fire vestlandsfylka skal fungera som ein robust og attraktiv landsdel, seier leiar Olav Bratland, fylkesordførar i Møre og Romsdal.
Ny samarbeidsavtale
Samarbeidsavtalen som vart vedteken i fylkestinga i dei fire vestlandsfylka på slutten av fjordåret legg opp til at det politiske samarbeidet på tvers av fylkesgrensene skal styrkast. Fylkesordførarane samordnar tiltaka gjennom det nye Arbeidsutvalet.
- Vi vestlendingar har mange felles interesser. I Vestlandsrådet skal vi arbeida saman om å verta enno betre på dei områda vi alt er gode på, seier Bratland.
Styrka maritimt samarbeid
Samarbeidet på den maritime sektoren er eit av dei tema som opptek vestlandspolitikarane Kombinasjonen av tunge miljø innan verftsindustri, offshore, fiskeri og havbruk gjer Vestlandet til eit av dei største kraftsentra for maritim verksemd i Europa. Ei felles satsing retta mot EU står difor høgt på dagsorden.
Desse sakene, saman med omtalen av satsinga på kystskogbruket, vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar og arbeidet for fullfinansiering av fagskulane kan du lesa meir om i årsmeldinga til Vestlandsrådet.
Årsmeldinga til Vestlandsrådet kan du lesa her